Hopp til innholdet

Legane er litt vanskelege

  • 5 min read

Å skrive om. Vanske-lege.

Men dei må nesten få ein omtale.

Legane har fått litt lite merksemd i tekstane mine, som om dei ikkje betyr noko. Grunnen er at dei ikkje har så mykje med dagleglivet mitt å gjere.

Eller, jo. Dei reddar jo ungen min. Men eg gløymer kor farleg sjukdom Jone har, sånn til dagleg. Livsfar-lege.

Eg stilte med livsmor, og no er han i livsfar.e. Dette er det mest poetiske eg kjem til å vere i heile mitt liv.

Dei berre spring rundt i gongane og reddar liv heile dagen. Derfor er dei litt vanskelege å bli kjent med.

Dei spring så fort forbi at eg ikkje ein gong rakk å seie takk for at dei klarte så fint å operere svulsten ut av hjernen til ungen min.

No når eg tenker tilbake på det, så kjem eg på at eg har så stor tillit til legane at det ikkje ein gong slo meg at operasjonen kunne gå gale. Eg tenkte ikkje på at kirurgen kunne nyse og stikke skalpellen langt inn i hjernestammen. Eller at vaskaren kunne skompe borti med kosten sin.

Kirurgar er veeeeldig spesielle menneske, altså. Djiiiz for ein sjølvtillit!

Det er mange som trur at legar er ein anna type menneske enn oss andre. Og det er sikkert litt sant.

Kven er dei?

Berre tenk på ho i klassen som blei lege. Typisk flink i absolutt alle fag, til og med gym og sløyd. Litt irriterande for oss andre, vanlege. Van-lege.

Legen kan godt vere god i det meste, men det hadde vore ei trøst om han for eksempel var dårleg i ballspel. Fikk aldri ballen i gym, utanom midt i brillene. Eller var svak i armane og aldri tok meir enn 1/2 armhe.

Sånn, liksom. Fikk ballen i brillene.

Korleis kan nokon ønske seg å bli lege?

Eg skjønar at det må vere fint å kunne redde liv, og å vere så viktig for resten av samfunnet. Likevel klarer eg ikkje å forstå korleis dette kan vege opp for alle dritt-greiene.

Drittgreie 1: Arbeidstid

OMG. Dei jobbar og jobbar og jobbar og jobbar. Mykje meir enn det som er forsvarleg. Det står ikkje i stil med ansvar for liv.

Dette kan jo endre seg no når det blir fleire legar enn mannlege legar (mannlege-lege). Det blir nok kortare arbeidstid, lågare løn og betre ammevilkår.

Gode ammevilkår.

Drittgreie 2: Arbeidspress

Dei kan ikkje gjere feil, for då kan nokon dø.

Sånn er det ikkje i min jobb. Eg kan gjere feil kvar dag, og det går heilt fint. For eksempel kan eg gløyme tida og sleppe elevane for seint ut sånn at dei nesten ikkje rekk bussen. Og eg kan rekne feil i matematikktimen utan at nokon mistar livet.

Drittgreie 3: Ansvar

Dei har så mykje ansvar! Dei må stå til rette for både eigne og andre sine feil.

Legen må beklage dersom sjukepleiaren har tatt tre posar salt i såret i staden for den eine som var ordinert.

Tre posar salt i såret, men det skulle berre vere ein.

Sånt orkar ikkje eg. Eg berre: “Det var ikkje min feil!”

Konklusjon

Vi må ta godt vare på legane. Dei må få betre arbeidstid og høgare timeløn. Og så må dei få risikotillegg.

Det er risiko for samlivsbrudd på grunn av overgang frå eksisterande ektefelle til sjukepleiarkollegaelskerinne. Risiko for tidlig aldring av hud, stressjukdom, alkoholisme osv.

Legevitsar

Eg vil komme med nokre døme på kor gøy nynorsk er!

Alle ord som sluttar på -lege kan gjerast om til ein legevits. Festlege, skikkelege, tidlege, uendelege, ubruklege, verkelege, barnslege, farlege. OG SÅ VIDARE.

Døme: Det var fest-lege, barns-lege og verke-lege som gikk over ei bru. Så kom det ein traktor og køyrde over alle. Då kom ubruk-lege og far-lege for å gjenopplive dei, men alle var døde til evig tid. Ubruklege og farlege og.

Slik såg det ut på brua etterpå.

Kanskje litt dårleg vits, men du ser vel potensialet?

Siste nytt frå isolatet

Det går heilt fint. Humøret er på topp, her eksemplifisert med spypose på hovudet.

5 kommentarer til “Legane er litt vanskelege”

  1. Mirjam Seime Hellstedt

    Kan ikkje trøste, berre seie at eg tenkjer på dykk. Håpar alt går bra. Har sjølv ei nær venninne med ein liten gut som har fått akutt leukemi for andre gong på tre år. Det er som å sjå nokon sove med mareritt og ikkje få lov til å vakne.
    Klem frå Mirjam

  2. Jeg ble lege, og var faktisk dårlig i ballspill😃Faktisk barnelege! Og jeg er så imponert over DEG og familien din! Du er like kul som jeg husker deg (selvom du har den tøffeste tiden i livet ditt). Jeg digger deg, og heier på den skjønneste gutten din!

Kommentarer er stengt.