Hopp til innholdet

4 råd om heilt vanlege kvardagsproblem

  • 5 min read

forumet til kvinneguiden finn du svært mange gode spørsmål, men kanskje ikkje alltid så gode svar.

Ein litt kjekk ting med å vere over 40 er at du automatisk blir kvalifisert rådgivar på dei aller fleste område.

Eg har klipt ut nokre spørsmål direkte frå kvinneguiden (heilt sant, eg har ikkje dikta noko som helst), og svarer på desse. Her er det gode råd å finne. Vi har vel alle opplevd slike problem, hæ?

Skjegg


Typen fjernet skjegg. Jeg blir litt sur at han er clean shaved.

Jeg ville møte han og se vakkre han med skjegget. Men nå ser han ut som er tufs.

Jeg elsker han fortsatt, men blir sur sidan han vet jeg ikke liker clean shave! Så sier han det er på grunn av moren hans sa det?

Andre som kan bli irriterte av slike ting?


Dette blir for dumt! Du kan jo berre klippe av ditt eige hår og lime det på han når han søv! Kor vanskeleg kan det vere? Beklager den sure tonen, altså. Ei anna innlysande løysing er å få seg ny kjærast, gjerne med tatovert skjegg.

Barnevern


beklager for og sei det men barnevern systemet er heilt fucked opp, hvilken parti er den beste mot barnevernet? siden nå komme det snart å velge, og at de for nye lov


Ja… Kva skal ein seie? Eg har prøvd å ikkje følgje så mykje med på politikk, i tilfelle eg blir engasjert. Eg kan ikkje gå rundt og vere engasjert i alt mulig, det er det ikkje tid til i dette øyeblikket av eit liv. Som alle veit, er eg mest engasjert i det som skjer i eigen hage + navle.

Men det eg føler meg sikker på, er at barnevernet IKKJE er fucked opp. Det er i så fall fucked up eller samleidd opp. Ikkje driv på med all den blandinga av språk, plixz. Til deg vil eg anbefale å gå ein tur på stien og søke skogens ro, og dersom det er fullt i skogen kan du legge deg i hengekøya og drikke ein farris. Dersom ingen av desse forslaga fristar, kan du grave deg ned i ei grøft og bli der. (Ups, der var eg frekk!)

3 shades of grey, 2 shades of brown and 1 shade of red

Bestemor


Hei,

I det siste har bestemora mi stått opp klokka halv ett på natta og spist og laget seg te. Hun har søvnproblemer. Her en dag ble jeg så oppgitt at jeg måtte si til henne at hun ikke kan stå opp på natta og spise og drikke. Hun kan sitte der og lese en god stund, med omtrent alle lysene på. Nå sier hun at hun gleder seg til å flytte, noe hun skal. Jeg blir så oppgitt. Jeg skal opp om noen timer, og hun har jo sovet, jeg har hørt henne snorke noe inne i granskauen. Noen vennlige råd?


Dette har eg ikkje erfaring med. Derimot har eg erfaring med at bestemor står opp kl. 1 og drikk brennevin. Det er nesten same situasjon, så eg føler meg veldig kvalifisert til å svare.

Det du kan gjere, er å bytte ut brennevinen med endå sterkare brennevin. For eksempel viss ho drikk 40% kan du bytte den ut med 70%. Då vil du oppleve at ho sovnar kjempefort og blir heilt stille i mange timar. Generelt: Bytt ut det ho drikk med sterk brennevin.

(Eigentleg er vel det beste rådet å ikkje begynne å skrive til forum kvinneguiden når ho endeleg har lagt seg. Då bør du heller nytte sjansen til å sove sjølv.)

Hundenamn


Det finnes så mange kule menneske gutte navn på hunder, men jeg finner ingen dame navn på tisper som er like kule? Forslag? Må være to stavelser.


Enkelt!

  • Aagoth
  • Bergen
  • Chandra
  • Dagveig
  • Fridbjørg

Nei, dette er eg allereie lei av.

Eg trur vi skal vere veldig glade for at det ikkje er så mange hundar i bloggen min… Det er veldig vanskeleg for meg å teikne dyr.

Versågod for alle råda!

2 kommentarer til “4 råd om heilt vanlege kvardagsproblem”

  1. Tusen takk førr din verdifulle innsikt som du ausæ ut på oss allmuen.

    E vil gjerne tilføy, til ditt råd om “Skjegg”, at dæ kan va lurt å tenk litt på korsn type hår man ska lim på kjæresten sin mens den søv. Sjøl våknæ e opp en dag mæ mørke, krøllåte og tjukke hår i nakken (kjæresten min likæ langt hår), mæn e ante uråd fordi mitt eget hår e lyst og slett. E burde skjønt at dæ hadde skjedd nå muffins når kjæresten min plystræ veldig uskyldig når vi stod opp den dagen.

    1. Berre hyggeleg å kunne ause!

      Der fekk eg meg ein vekkar. Tenk at eg kunne vere så unyansert i rådet mitt. Bra du ante uråd, altså! Håpar du likte det mørke håret, evt. at han/ho brukte dårleg lim, f.eks frå Nille.

Kommentarer er stengt.