Hopp til innholdet

Kva no då, liksom? (9 spørsmål)

  • 7 min read

No er eg heilt tom.

Berre tom.

Alt som har svinga så sinnsjukt: Angsten, gleda, sorga, har flata ut. Flatline.

Gjennom det siste halvåret har eg ikkje tenkt framtid i det heile tatt. Knapt nok neste dag.

Her har eg laga ein graf som skildrar korleis kjenslene mine har variert. Tal dagar på x-aksen og sving på y-aksen.

No er eg redd

Eg er redd for å bli tynn. Det kjem til å bli mykje større avstandar, både frå stolen til toalettet og frå stolen til kjøleskapet. Dermed kjem eg til å bruke mykje fleire kaloriar på akkurat dei same ærenda.

Og med same matinntak vil eg heilt klart gå ned i vekt.

(Her kunne eg hatt ein vits om at det blir litt som å vere fange i konsentrasjonsleir, og så vere redd for å sleppe ut fordi du kan bli tjukk. Men eg tør ikkje å ha sånne vitsar, det er nok #toosoon)

Neida, eg er ikkje redd

Endeleg er Jone sin sjukdom MITT ansvar… Det blir godt å ha sonen min sitt liv i mine hender. Eg får bestemme heilt sjølv kva behandling han skal få.

Joda, eg er redd

Under siste kur begynte det å gå opp for meg: Han er snart ferdig behandla. Det hadde ikkje eg tenkt på i det heile tatt!

Legen sa: Dette er aller siste stikk i hjernen.

Sjukepleiaren sa: No tar eg ned aller siste kur.

Så skulle eg få luftetur, og då datt det innover meg. Hæ? Det er heilt umogleg at vi er ferdige no! Så har eg tenkt tusen millionar tankar om det. Ca.

Det er sånn lufteturane føregår, dersom du har lurt på det. Eg får ei skjøteledning rundt halsen, og så går vi. Ut på tur, aldri sur!

Vi er på dag 205, og skal plutselig begynne på dag 1 igjen. Faen og! Vi var kome så langt, og så rykker vi tilbake til start. Altså den nye starten.

Eg var redd då vi kom, og er redd når vi reiser.

Men eg har ikkje vore redd

For Jone under behandlinga.

Angsten for å miste ein barn er noko anna, den har vore der heilt sidan eg fekk barn. Med og utan grunn.

Denne grafen viser angstnivå for misting av barn gjennom livet mitt. Du ser at det er minusangst før eg fekk barn, så auka den ganske kraftig då eg fekk mitt første, og nådde nye høgder i 2019.

Eg har ikkje vore redd for at han skal bli skada eller døy av prosedyrar og medisinar. Det er mange ting som kunne gått gale! Men eg har hatt full tillit til alle.

Nevrokirurgen, thoraxkirurgen, anestesilegen, onkologen, alle dei fantastiske sjukepleiarane med nydelege fjes, gode hjarte, flinke hender og velfungerande hjernar. Ikkje akkurat 4H, men F + 3H.

Dei har stukke skalpellar inn i hjernen, brystet, halsen, lysken, drassa rundt på cellegift i bæreposar. Administrert gift som er dødeleg i feil dose, stilt inn pumpene riktig for å skilje mellom liv og død.

Eg berre: Dette går sikkert heilt fint! Kjør på.

Det kan hende eg er veldig naiv, men eg har ikkje vore redd.

Gler eg meg, eigentleg?

Eg gler meg til alle dei tinga eg har skrive om tusen gongar før: Tuva, huset mitt, hagen min, bilen min. Eg gidd ikkje å snakke meir om det i dag.

Det raraste eg har gledd meg til er asfalt. Eg har tenkt på det fleire gongar i det siste. Eg trur hjernen min meiner våren, når den skitne asfalten kjem fram under snøen. Asfalt i seg sjølv kan berre brenne i helvete. Hahahhahah eg berre tulla, asfalt må vi jo ha!

Og så er det så mykje grus at eg ramlar på sykkel kvar gong eg prøver å sykle. Neida, eg har full kontroll. Måtte berre bryte alt det klisjeete.

Auauauau, eg datt! Illustrasjonsfoto.

Eg gler meg ikkje

Til å skulle fungere som eit vanleg menneske igjen, utan sjukepleiarar i senga mi.

Det einaste eg har gjort det siste halve året er å vere stødig og rolig for Jone, skrive tull og tøys medan eg har ete feitt og sukker om kveldane. Eg har heisa senga opp og ned, slik at synspunktet mitt på rommet, ungen og byen har variert.

Alle andre har gjort alt anna. Sjukepleiarane har ikkje BERRE sete i senga mi. Mamma har ikkje BERRE spelt mobilspel.

Tenk om eg gløymer?

Å gjere ting. Skifte bleie, starte sondemat, gi medisinar. Lære Jone å gå, få Tuva på skulen (TG for heimeskule!), gjere lekser, lage middag, vaske klede, trykke på knappen på robotstøvsugaren, klippe plen, drepe sneglar, stelle hekken. Passe på at ingen får covid-19.

Tenk om eg gløymer sånt? Eg skjønar ikkje korleis eg skal få det til.

Kva skal eg gjere med forsvaret mitt?

Kva skal eg gjere med skjoldet, rustninga, pikkstolen, sverdet, motet? Utstyr som eg har brukt veldig flittig i eit halvt år. Er det meininga eg skal legge det vekk? Eg hugsar ikkje korleis ein er vanleg lenger.

Kva meiner Jone, då?

Han har gleda seg til å komme ut av rommet og heim til huset sitt. Vi har mimra om førre sommar, om alt han kunne gjere då som han ikkje kan no. Han har først no begynt å bli interessert i å lære det igjen.

Dette er nytt. Han har vore heilt fornøgd i sjukehussenga med ipaden, og mange gongar blitt heilt hysterisk når han har måtta skifte sjukehus, skifte frå sjukehus til heim, frå heim til sjukehus, skifte stilling, skifte bleie. Han har snudd seg vekk når vi har sett på bilete av alt det han gjorde før.

Litt einsformig liv, men han har ikkje klaga!

No er han klar.

Leika ute for første gong på 6 mnd. Glad.

Eg ventar pittelitt til

Eg ventar med å lære meg å vere vanleg før svaret på neste MR har kome. Eg vil helst ikkje lære meg noko for tidleg.


PS: Eg har hatt medforfattar på tre av vitsane denne gongen. Ho heiter Kine, og er tilfeldigvis ein av gjesteteiknarane mine. Veldig flink!

20 kommentarer til “Kva no då, liksom? (9 spørsmål)”

  1. Kjære deg, det er både sårt og artig å lese dine «tankar». Du deler på alt det ukjende som ligg framfor deg. Sll mulig lukke for dåke og våren og livet utanfor «hospitalet».

  2. Det er sårt og artig å lese dine tankar. Du beskriv så utruleg levande kva kaos eit slikt halvår gjer med deg. All mulig lukke for dåke og våren!!👏🌷

  3. Jone 😍 i dress på traktor!😀 for eit syn, for en glede! Velkommen heim. Slenger med eit sitat, og du befinner deg truelig i den siste setningen no. Hugs på dei 3 grisane☺

    “Akkurat i det du tror det ikke kan bli verre, kan det bli det. Og akkurat når du tror det ikke kan bli bedre, kan det bli det.” – N. Sparks

  4. Masse lykke til. Tenker de fiksar dette heilt fint. Kjekkaste med bloggen i dag var å sjå Jone med uteleik. Godt å sjå de er heime. Klem

  5. Eg håper de går bra me derre er vont å lese noe av de du skriver. Krysser fingrane at gutten din blir heilt frisk i gjenn…

Kommentarer er stengt.