Hopp til innholdet

Korona-positiv?

  • 2 min read

No tenker eg at det har vore veldig mykje fokus på det negative med korona-pandemien. Eg skal jamne det ut litt ved å peike på nokre positive ting.

Personleg

For meg personleg er det to heilt klare fordelar med tilstanden Norge er i.

  1. Eg kan oppføre meg sosialt sånn som eg egentlig alltid vil. Eg kan stå langt unna folk når vi snakkar, og eg kan dyrke aleine-livet utan skam.

    Det er ikkje å vere meir sosial eg har sakna i isolatet, det er å ha færre folk rundt meg. Altså ingen.

  2. Alle vaskar vekk hendene sine. Hendene er det vanskelegaste å teikne, så no blir det mykje enklare for meg. Kjempepositivt!

    (Eg håpar egentlig at det kjem ein pandemi som gjer til at folk mistar føtene og.)
For resten av livet kan eg teikne menneske slik, med armar som sluttar ved handleddet!

Kollektivt

Eg har hørt på TV at folk har blitt snillare og flinkare til å ta omsyn til kvarandre. Bla bla bla.

For meg er det heilt utmerkt at festane no føregår på skype. Ein treng ikkje å gå ut, og ein kan gå med skitne inne-klede. Treng ikkje å dusje ein gong!

Ein hyper-positiv film

Det er ein god del snakk om mangel på smittevernutstyr.

Eg har laga ein positiv film med veldig gode tips til korleis ein kan ta det ein har heime, og bruke dette til smittevernutstyr.

Det verste med denne filmen er knirkinga i diverse plast-produkt.

Ser du? Veldig mykje positivt!

2 kommentarer til “Korona-positiv?”

Kommentarer er stengt.