Hopp til innholdet

Angst, sorg, glede, skam og skambein

  • 8 min read

Skamglede, vanlig glede, forbudt glede, sorg for å ha mista det gamle livet og det livet vi skulle få, sorg for dei som har mista barna sine. Sorg eg håpar eg aldri får.

Alt dette ville eg ha med i overskrifta, men det seier seg sjølv at det ikkje gikk.

Eg veit ikkje med deg, men noko av det verste eg kan føle er skam. Og når skammen i tillegg er over eigne kjensler, så er det dobbel skam.

Dette innlegget skal eigentleg handle om kva som skjer i hjartet mitt når vi no er innom sjukehuset. Men først må eg ha ei ganske kraftig avsporing.

Skambein

Fytti fåkken for eit usselt ord! Det er frå gamledagar, då, men det er frekt å påføre kvinner skam berre fordi dei tilfeldigvis har eit bein i nærheten av sexområdet. Skamlepper.

Skam på skjelettet? Kva med å kalle det sitt rette namn os pubis?
Her er os pubis opp ned. Du ser vel at det blir to OK-teikn? OK PUBIS. Eventuelt eit drittstygt monster.

Viser til hovudoverskrifta

Vi har vore tre gongar på Haukeland etter at behandlinga var avslutta. Ein gong på MR, ein gong for å operere ut kateter, og ein gong til for å operere ut kateter fordi gongen før blei avlyst på grunn av feber.

Eg hadde 38,1 i feber og følte meg litt pjusk, så eg ville helst ikkje røyse meg frå hotellsenga. Neida. Jone hadde feber.

Desse heisaturane våre til Bergen har vore rare og relativt harde.

Grunnen til at det har vore litt hardt er at eg har måtta kjenne på alle kjensler som finst. Glede, tristhet, sorg, frykt og angst, sinne, skam, skyld, avsky. Eg trur eg heller legg ved “the feeling wheel”.

Og alle berre “det skjønar eg godt at du føler”. hahahahahloholgolll!

Dei dominerande følelsane har vore sexy og helpless. Kødda. Ikkje helpless, så klart. Det er mykje hjelp å få.

Dette biletet kjem eg til å vere så sjukt fornøgd med i fleire månader: Tenk deg at du står på the feeling wheel medan nokon snurrar det kjempefort rundt! Som ein karusell. Kanskje utan handtak og sånn stålbøyle rundt magen.

Sånn liksom.

På medisin 3

Ganske internt, då. Men du får berre tenke det at det var ein gang på medisin 3.

Eg har laga eit kart for dei som er så heldige og uheldige at dei aldri har vore der. Ser du? Blanda kjensler igjen.

Glede

Eg kjem opp med heisen, eg er av den late typen som ikkje gidd å gå trapper med vogn. Jone prøver faktisk å nekte meg å trykke på 3-talet, han skjønar kor vi skal.

Det er koselig å stå der i midten og slå av ein prat med luke-dama. Eg tvangsstoppar alle som går forbi slik at eg kan fortelle ein vits og dei kan sjå kor nydeleg hår Jone har fått.

Hårete unge i heilt ny gåstol.
Hårete ungar som “hjelper til” i hagen.

Det er som å treffe igjen gode vennar. Dei som var mine nærmaste i så lang tid. Eg blir kjempeglad for å treffe dei. Hjarte-emoji.

Frykt

Sånn er det for MEG. Jone er stoneface. Det eg opplevde som livredding av eigen son, opplevde han som smerte, kvalme, lammelse, frykt, utmatting.

Sakn

Eg føler eit ulovleg sakn, og derfor blir det krasj i hjernen min. Sikkert litt epilepsi. Eg blir glad med angst og skam. Glad for at det er over, glad for å treffe dei igjen, skammar meg for gleden eg føler, angst for at vi må tilbake. Kjensler som eg har begynt å tillate meg. Den skumle lettelsen.

Dei andre pasientane får ver så god vente til eg er ferdig med å fortelle kor fint det går. Eg slepp jo å fortelle om det som ikkje går fint, for det er innforstått.

For dei tilsette er det berre ein ny dag på jobb.

Skam

Noko av det første eg skreiv då vi kom til Haukeland, var at eg skamma meg over at eg var for rolig.

20.09.2019, kl. 21.47. Same dag som Jone vart operert. “Korleis går det an å vere så rasjonell som eg er no? Eg skammar meg over at eg grin for lite. Eg lurer på om dei synest eg er ei dårleg mor fordi eg er så nøktern. Dei synest nok at eg er for tullete og burde vere alvorleg heile tida. Men med ein gong ingen ler, så er eg veldig sårbar.”

Hårete unge frå same dag som sitatet over, berre nokre timar før. Eg sat to døgn på postoperativ og skamma meg over at eg følte for lite, medan eg venta på å få vite tilstanden etter operasjonen. Om han kunne snakke eller ikkje. No klarer eg ikkje å sjå på biletet utan å grine. Så eg treng ikkje skamme meg lenger.

Og så skamma eg meg for at eg skamma meg, for eg visste at eg hadde lov å reagere på alle moglege måtar.

Men då sa favorittforfattaren min, Oggiboggi Nilssen, at eg ikkje måtte skamme meg over at eg skamma meg, for då blei det skam i andre. Og sagt på den måten, med potensar, så sank det inn. Oggi veit kva ho snakkar om!

DER skjønte eg det!

No er dette faktisk ganske trist å lese.

Alt blanda i karusell

Tilbake til gangen. Så må vi kanskje vente uendeleg på det vi eigentleg skal, så vi får eit pasientrom å vente på. Der får eg minner som er så sjuke at du ikkje vil tru det. Livet som eg var prisgitt, men som eigentleg var heilt jævlig. Berre sitte i ein stol og vente på ting. Glede og grue meg til sjukepleiarar og legar kjem inn og forstyrrar ventinga. Liksom glede meg til å snakke med vaksne, og grue meg til det dei skal gjere med sonen min. Vente på prosdyrar, beskjedar, rutinar.

Til slutt må eg hente meg mat i kantina. Det er og pling plong. Minnet om det einsformige livet. Same rutine kvar einaste fåkkings dag. Same meny kvar veke.

Medkjensle

Tilbake til gangen. Eg ser andre foreldre og barn som er midt i det vi har vore gjennom. Kor dei er i forløpet kan eg nesten sjå i fjeset og på håret deira. Fjeset kan vere tomt, håret er rart og skittent. På seg sjølv kjenner ein andre, lizm.

Her er ein forelder som eg har snikfotografert. Neida, det er eg som har teikna Amalie Skram. Litt mislykka.

Kanskje dei nettopp har kome til sjukehuset i full fart for å operere ut ein svær svulst på ungen sin. Dei visste ikkje kva dei skulle stappe i kofferten, tok kanskje med strikketøy, men ikkje sjampo.

Dei berre går der og overlever. Skjønar ikkje rekkevidda av kva som ventar. Veit ikkje at dei skal vere der i 60 eller 90 dagar før dei får reise heim.

Barna er for det meste på rommet fordi dei er for sjuke til å gå ut av senga. Av og til har dei stabla seg på beina for å gå i kantina og ikkje ete. Berre vere slitne og bleike og skalla.

Plattingen min

Over til noko viktig. Det har tatt si tid med bygginga! Det har jo kome all slags greier i vegen for prosjektet. Siste nytt er at eg fikk covid i plankane mine. Dei har vore i karantene i garasjen i vekesvis. For å sage i dei har eg måtta kle meg opp i fullt smittevernutstyr. Slitsomt. Stakkars meg.

Mykje styr berre for litt saging, hæ?

6 kommentarer til “Angst, sorg, glede, skam og skambein”

  1. Stakkars Jone, er nok skummelt å være tilbake. Dere har vært igjennom traume begge to (alle tre) så skjønner godt det er jævlig å se igjennom bilder og minner fra tiden på MJ. Føler med dere alle sammen, selv om det verste er overstått vil det nok ta tid å komme seg til hektene igjen og det er viktig å tillate seg å ta den tiden man trenger og ikke “skyndte seg” for andres skyld❤️

Kommentarer er stengt.