Hopp til innholdet

Ei typisk venteveke

  • 5 min read

Altså. Ærleg talt. Korleis skal eg kunne klippe plenen og bygge platting når det er fullt av snø i hagen? Fy faen!

Eg har lese i platting- og plenboka at regelen er: Vi bygger og klipper når det er grønt på plenen. IKKJE KVITT!

Det går nesten ikkje an å sjå forskjell på platting og plen. Tenk om eg hadde klipt plattingen, då? Hæ? Det har ikkje snøen tenkt på!
Eg er jo ikkje heilt tapt bak en bekk. Eg berre måka vekk snøen og skunda meg å klippe før det la seg ny snø.
Og så bytta vi på, slik at han slapp å gjere alt.

Det med snø på plattingen passa eigentleg fint, for eg måtte bygge noko anna før eg begynte på plattingen uansett. Haha, snø.

Ein liten byggevideo

Jone

Eg tippar det største i Jone si veke var å bli med barnehagevennane sine på tur.

Eg hadde tenkt å skrive namnet på alle ungane som var med, men alle ser jo heilt like ut!

På turen måtte alle sitte i vogn sidan Jone må. Det var ein fin gest. Under lønsjen måtte alle sitte, akkurat som Jone må.

Etterpå var det leiking i skog. Dette kunne han ikkje delta på, men han såg ein maur, så det var nesten som å leike i skogen.

Heldigvis rakk eg å fotografere mauren før den forsvann!

Eg berre: Tenk å ha lege i senga i eit halvt år og så plutselig sjå ein ekte maur. Han har riktignok hevda at det har vore maur på dynetrekket på dårlege dagar, men det blir ikkje det same. Eit halvt år er mykje for ein på 2 og 3 år.

I tillegg gav han gras til ho eine som jobbar i barnehagen, og ho lata som ho åt det. Kjempegøy.

Bæsj og ku-korona

Vi fekk tørka ku-bæsj på oss, men det gikk bra, for det var ikkje korona i den. Trur eg, då. Eg måtte google “ku med korona”, og fekk eit veldig interessant treff på førsteplass: khrono.no (eg køddar ikkje, nettsida heiter det! Det er ei avis om høgare utdanning og forsking). Der var det ein tekst om ku-korona. Du får nesten berre lese den. Det er heldigvis ikkje same korona, så uansett om vi hadde fått dråpesmitte frå bæsjen, så hadde vi ikkje blitt covid-19-sjuke. Det er sjølvsagt andre ulemper med ku-bæsj på menneskekropp, men det ser ut til å ha gått bra. Puh!

Elles

Elles har han gjort mykje av dette: Leika på golvet, lese bøker, brukt ipad. Eg burde faktisk blitt sponsa av apple, så ofte som eg nemner ipad. Ipad, ipad, ipad, ipad, ipad, ipad, ipad, ipad, ipad. Ser du?

Han har fått pittelitt meir musklar, men klarer fortsatt ikkje å stå på eigne bein. Han klarer heilt fint å sparke meg i heile kroppen om natta, så det lovar bra. Det er ikkje alltid eg heller klarer å stå på eigne bein, berre så det er sagt. Eg har ramla mange gongar i livet mitt.

Ikkje 100% overbevist om at fysioterapeuten har rett.
Klarte ikkje å stå på eigne bein.

Covid-20-festival

Eg har vore på festival med framifrå og dugande folk. Dersom 92 er 100%, så er desse folka 92. Svergar! Prøv dei.

Alle deltakarane har ungar som ikkje fekk vere med. Hahahahahaha.

Her har du dei, vettu. Tenk at det går an å vere så blide og ha det så kjekt! Her ser du og mine heimelaga møblar og flaskehaldarar i bruk.

Det kan sikkert sjå ut som det var mykje alkohol på festivalen, men det er ikkje tilfelle. Det var clausthaler i alle flaskene og boksane, men dei eg var med likar ikkje å innrømme at dei drikk alkoholfritt, så dei tømte det over i ekte ølboksar. Ganske uøkonomisk. Dei kjøpte ekte øl, tømte ut innhaldet, henta ei trakt, tømte clausthaler over i ølboksane. EG, derimot, kjøpte berre clausthaler i utgangspunktet.

Her har eg stilt meg opp så fint med eit glas clausthaler.
Eg kosar meg med ein kopp kaffi.

Dersom eg skal kritisere festivalen for noko, så er det at det var for kaldt. Det vil eg i same slengen kritisere heile verda for! Føkkit, altså.

Eg kan nesten ikkje vente på covid-21!

Så sånn ventar vi.

2 kommentarer til “Ei typisk venteveke”

  1. Veldig morsom blogg med interessant Video!
    Imponerande dress! Kanskje noko for meg på evt. neste speling!

Kommentarer er stengt.