Hopp til innholdet

Eg skal bli influenser!

  • 8 min read

Eg truuuuuur kaaaanskjee eg skal bli influensar igjen. Det er litt skummelt å gå ut med, i tilfelle det blir 2 år til neste innlegg. Men då tenker eg at du kan lese dette om att 104 gongar, så blir du influensa ein gong i veka uansett.

I si tid prøvde eg å bli fugleinfluensar, men alt mogleg kom i vegen for det. Universet misforstod og sendte meg til Haukeland. Dumme univers! Det heiter jo ikkje Haukeland p.g.a fuglen hauk (eg har eit gammal blogginnlegg som forklarer dette).

Fugl med influensa.

Kva er ein influensar?

Eg har sjekka på utdanning.no, og det er eit ekte yrke. (kniiiiiis)

Det er litt sånn som eg har trudd. Jobben er å påverke andre sine haldningar og handlingar. Så skal ein tene pengar på å profilere ulike produkt i sosiale media. Det er perfekt!

Ein treng ikkje utdanning for å ha dette yrket, så der har eg eigentleg tabba meg litt ut. Eg har urimeleg mykje utdanning, og den er nesten ikkje verdsett, anna enn bittelitt i den ekte jobben min. Ikkje for å klage, altså. Eller jo.

Eg meiner eigentleg at eg skulle fått løn i forhold til utdanninga mi. Er det den lange og dyre utdanninga som gjer meg til ein god lærar? Nei, det er den fantastiske summen av verdifulle eigenskapar som særmerker meg som person (også kalla personlegdom). Men eg er HEILT OVERBEVIST om at eg hadde vore ein elendig lærar i naturfag i ungdomsskulen om eg ikkje hadde den halve bacheloren (1) min i biologisk kjemi! Uansett kor bra person eg er. (2) (3)

Eg skriv fotnotane her, sidan ingen les dei om dei kjem etter teksten:

Fotnote. Denne vitsen har garantert vore laga før, men eg kan ikkje hugse det.

Fotnote 1: Eg er overbevist om at eg ikkje hadde vore noko særleg betre naturfaglærar om eg hadde ein heil bachelor, derfor slutta eg midt i. Kanskje det held med eitt år spesialisering, sånn som den teite regjeringa sa?

Fotnote 2: Dette gjeld meg som matematikklærar og. Skulle eg liksom stått og vore ein fantastisk person som ikkje kunne matematikk i matematikktimane? (Retorisk spørsmål)

Fotnote 3: Ville vi akseptert at ein person med framifrå eigenskapar underviste i fysikk på vidaregåande om ho ikkje hadde spesialisering i akkurat dette faget? (Retorisk spørsmål). Kvifor skal det vere skilnad på fagleg kvalitet for dei som er 16 og dei som er 18?

Løn etter utdanning, jejeje! (Der vart eg politisk influenser, kven skulle trudd det?)

Kamphand. Dette trur eg må vere den beste handa eg har teikna! Det er mi eiga hand som er modell.

Aiai, eg føler at dette engasjementet ikkje var heilt i tråd med mitt nye influensarliv. Det kledde meg kanskje ikkje heilt.

DETTE derimot, kledde meg 100%

Kva skal eg influense?

Det mest openberre er jo

ANTIBARNEKREFTINFLUENSAR

Eg vil påverke folk til å vere motstandarar av barnekreft, og handle deretter. Eg vil sjølvsagt inkludere vaksenkreft, men det er så utrulig mange som profitterer på det allereie, så eg føler det er dekka.

Men eg må ha noko meir

Eg føler det kan bli litt lite å berre influense om kreft, av fleire grunnar.

Vi har mindre kreft i familien no enn vi har hatt på lenge. Ein del av dei som hadde kreft, er døde. Verken eg, søskena mine eller ein del av søskenbarna mine har fedre lenger. Eg seier ikkje at alle MÅ ha ein far, men det kan vere greitt å behalde sin når ein først han fått han. Og ein bør ha han lenger enn til ein er 36 og sånn. Dei bør uansett dø av andre ting enn kreft. Føkk det.

Pappa. Ikkje min, då.

Sonen min er heldigvis kreftfri og levande. Eg likar veldig lite å tenke på og skrive at han faktisk kunne dø, det faktumet har eg prøvd å halde litt på avstand. Han har nettopp hatt femårsdag, og eg tok meg i å tenke mange gongar den dagen kor vanvittig glad eg er for at han faktisk har fått bli fem år. Det er spesielt å ikkje ta det for gitt.

Eg meiner at vi SKAL ta for gitt at ungane har bursdag kvart år heilt til minst vi sjølv døyr, altså, men eg har hatt nokre år no der eg ikkje har gjort det. Og det er framleis veldig vanskeleg å tenke framtid. Då det var på det verste, og nokon insinuerte at det kom ei framtid, så gadd eg nesten ikkje snakke meir. Kva var vitsen med å planlegge framtida? Dette sa eg ikkje høgt, anna enn at eg brølte det i min eigen hjerne. Men dette er hemmeleg, du får ikkje vite det før du kjøper boka mi.

Produkt eg kan selje i sosiale media

Det er ikkje superlett å finne produkt i kreftbransjen å reklamere for, men eg har nokre idear:

  • Cellegift
  • Hårvekstmiddel
  • Sjampo (den var frekk!)
  • Kvalmestillande
  • Kalsium
  • Multivitamin!
  • Vart litt kjedelig med berre medisinar
  • Luer og capsar som ikkje klør på skalla hår
  • Rullestolar
  • Antidepressiva (nei, no vart det medisin igjen)
  • Sminke som skjuler arr etter tusen inngrep (hei! No nærmar eg meg noko!)

Eg må finne meg ein ekstra influens

Ikkje elektrostatisk induksjon, då. Hallo, ver litt seriøs plis.

Influensarar har vel meir enn berre eitt tema? Det er vel ingen som BERRE influensar at ein må ha tjukke lepper? Eller berre anoreksi.

Influens: Du er verdt kjempemykje dersom du har tjukke lepper og tynn kropp. Eg skal selge deg fillers og vatn (liksom den maten du må ete for å få anoreksi).

Tjukke lepper?

Eg mistenker at det ikkje er lov å tulle med anoreksi, så eg sluttar med det. Eg kallar det anorakk, så nektar eg for at eg meiner anoreksi. Eg har fått med meg at andre influensarar nektar for at dei meiner det dei seier.

Då blir det slik: Du er kjempemykje verdt viss du har tjukke lepper og anorakk. Frå Norrøna. Spons?

(Det er ganske slitsomt å gjere som influensarane seier. Du må vere tjukk og tynn på nøyaktig riktig stad. Tjukke puppar, tjukke lepper, tjukk tiss (mann), tjukk rompe, tjukk tarm, tynt fjes, tynn mage, tynne lår, tynn tiss (kvinne), tynne resonnement, tynn tarm. Osv. Du skal vere tjukk og tynn, men for all del ikkje tilfeldig fordelt!)

Apropos anorakk

Det ser ganske kult ut, men guu for eit tøysete plagg! Den beskyttar ikkje mot noko, verken regn eller kulde. Og den går ikkje an å kle av seg om det er varmt. Så du må bruke den når det er passe kaldt, opphaldsver og ingen sjanse for sol. Det kan vere pittelitt vind.

Anorakk er eit kult plagg, spesielt i nydeleg blåfarge.

Har du prøvd å kle av deg ein anorakk? Alle andre kle følgjer med. Så står du der, naken og flau, men anoreksien din i ein haug på golvet. Ups. Anorakken din.

Sånn blir det, kvar gong!
Aiaiaiaia

Kva anna skal eg influense?

Antianorakk blir for gørr og umulig.

Og eg må ha noko eg kan tene pengar på heile vegen til Lindmo.

Det er veldig vanskeleg å velje, eg har jo så ekstremt mykje viktig å melde. Derfor trur eg at eg må prøve meg litt fram.

PS

Eg begynte nettopp å tenke på kvifor eg skal tene meir pengar, når eg allereie har løn. Eg kom på ein god grunn: Eg skal bli millionær. Det blir spennande å følge med på for deg.