Hopp til innholdet

Ding dong!

  • 5 min read
Hugsar du dette?

ALLE lurer på kva som skjedde etter at Kritt smugla seg med til Norge. Alle har nemleg lese om Britt på litteratur-tur.

Ca. tre dagar etter at ho hadde kome heim, dinga det på døra hos Britt. Ho vart veldig forferda, for ho får sjeldan uventa besøk. Og då ho såg kven som dinga på fekk ho sjokkskade (altså så dårleg sirkulasjon at cellene ikkje fekk tilført nok oksygen). Ho la seg ned i sideleie, og kom seg ganske raskt.

Uventa!

Det oppstod eit heilt vanvittig kaos av kjensler i Britt sin kropp. Først var ho sjokkert, som nemnt. Så vart ho faktisk litt glad, for ho hadde jo likt Kritt så godt på Krim. Men så vart ho sur igjen, sidan ho kom uanmeldt. Britt er trass alt ikkje SÅ glad i besøk. Etterpå vart ho sjenert. Til slutt i denne rekka av kjensler, følte ho avsky.

Hæ? Avsky?

Ja, avsky. Kritt hadde nemlig veldig dårlege tenner. Dei er brune og fulle av karies. Dermed hadde ho også ganske dårleg ande.

Ho endte vel opp med å vere glad for besøket.

Dei diskuterte litteratur, sjølvsagt. (Britt skamma seg fordi ho ikkje hadde kjøpt kaffi. OG DET MED RETTE! DJZIIIZZ!)

Disku, disku, disku, diskuter

Det vart litt rart då kvelden kom, for Kritt hadde ikkje ordna seg med overnatting nokon plass, så ho måtte få sove hos Britt. Britt hadde ikkje ekstraseng, så dei måtte dra badekaret inn på soverommet slik at Kritt kunne sove i det. Litt rart og flaut, men det funka.

De hører hjemme i kleineland, i kleineland, i kleineland.

Dagen etter bestilte Britt time på akutt-tannlegen. Ho orka ikkje å vere med nokon som hadde så ødelagde tenner. Sidan dette er i Noreg, fekk ho nye, kvite, reine tenner med det same. Null stress.

Språkproblem

På turen ut i det norske samfunnet oppstod det språklege misforståingar HEILE tida. (Eller ca. 70% av tida, då. Men kva blir vel ein historie utan kraftige overdrivingar?)

Først på tannlegekontoret: Kritt trudde plakatar var laga av plakk. Plakk plakkat. Ikkje rart.

Kritt fekk latterkrampe då ho forstod at namnet hennar betydde kritt. Hahaha. Dei brukte ikkje kritt på tavlene i Sevastopol. Dei fann nemleg ut at det gikk an å få kritt-astma, så dei bytta ut alle tavlene med smartboards. Kritt visste likevel kva kritt var, for ho hadde drive med turn.

Kritt = kritt

Ho trudde tannkrem var for å smøre tannhjula i den analoge klokka si. Det var ein dum og dyr misforståelse.

Kritt får trøst av Britt etter at ho har ødelagt den analoge klokka si. Den hadde ho kjøpt for 1000 pesetas i syden.

Då dei skulle ha sopp til middagen sin, trudde ho det var underlivssopp. Det var ein ekkel misforståelse.

Sopp i underlivet (ikkje mannleg underliv)

Syslar med eitt og hitt

Etter tannlegebesøket reiste dei heim til Britt. Der kjørte dei litt traktor, fekk Magne til å trikse med sneglar (han pakka saman så mange sneglar at det blei ein slags ball, så gjorde han typiske sel-triks). Dei lærte seg litt origami saman. Brett brett brett, Britt og Kritt.

Her har dei latterkrampe av å brette ein sel! Det vart ganske mislykka…

Jordbærvin

Dei avslutta dagen med å drikke litt heimelaga jordbærvin. Den smakte så som så, men fekk fart på litteraturdiskusjonen. Likevel vart det flaut ved leggetider. Begge skamma seg litt. Britt fordi ho ikkje hadde ekstraseng, og Kritt fordi ho trengde seg på og måtte sove i eit badekar.

Råd ved uventa besøk:

  1. Besøkar: Ikkje gjer det!
  2. Vert: Du må eigentleg berre prøve å oppføre deg heilt vanleg, gjerne litt blid. Du må for all del IKKJE unnskylde rotet. Det er ein klisje.
  3. Vert: Lag gjerne eit broderi der skrifta er “eg unnskylder ikkje rotet” i staden for “kjempevelkommen hit til meg og oss og alle”.

Sånn. Lik og del!