Hopp til innholdet

Britt på litteratur-tur

  • 7 min read

(Først: Eg vil råde deg til å lese tidlegare tekstar om Britt. Du finn alle tekstane her: Brittttt (eg trur ikkje det er nødvendig viss du har lese dei før, men kva veit vel eg?))

Denne fiffige overskrifta fortel vel både at Britt har reist og at ho er interessert i litteratur?

Britt likar ikkje å reise. Derfor er det jo veldig merkeleg at denne teksten handlar om nettopp det.

Dei gongane ho har reist før, har det vore utelukkande for å kjenne på gleda av å komme heim igjen. Heim til nabogarden og traktoren.

Det går greitt å reise til Bergen, spesielt for å besøke akvariet og gå på konferansar om sjøpatterdyr eller sauer. Det er kort veg og kort tid. Og ho rekk likevel å glede seg til å komme heim.

Krim

Grunnen til at ho likevel trossa reise-hatet sitt denne gongen, er at ho elskar russisk litteratur, spesielt krim. Så etter mykje om og men og for og imot, reiste ho på krim-tur til Krim-halvøya. Krim-krim.

Det var gruppe-reise med buss.

Playmodame og peppa gris på busstur
Gruppereise med to Britiske svin.

Ho hadde skumlese litt om Krim før ho reiste. Skumlesing kan vere nyttig, men og litt risikabelt. Ho las nemlig RSFU der det eigentleg stod RSFSR. Ganske like forkortingar, men veldig forskjellig tyding! Alle har jo hørt om RSFU, spesielt dei som er interessert i tilfeldig sex (vi går vel ut frå at Britt er det, sidan ho Tindra i veg den gongen?). Ho blei litt meir engasjert i reisa på grunn av denne misforståelsen.

Det er ikkje rart at ho blanda, då. Men:

RSFSR = den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, oppretta i 1921.

RFSU = riksförbundet för seksuell upplysning, oppretta i 1933.

Det kan av og til vere lurt å sjå på logoane til organisasjonar. Det kan nemlig oppklare både eitt og hitt…

Fakta om Krim:

  • Okkupert av Tyskland under 1. verdenskrig
  • I 1921 blei Krim ein autonom republikk innanfor RSFSR.
  • Okkupert av Tyskland under 2. verdenskrig. Tyskland, altså!
  • Blei gjort til fylke i RSFSR i 1954 og overført til Ukraina.
  • Invadert av Russland i 2014. Det hugsar vi jo!
  • Veldig slitsom historie, det får holde.

Her har eg prøvd så godt eg kan å teikne Vladimir Putin… Han er den noverande leiaren av Russland (veldig barnslig av meg å informere om det). Det er faktisk det beste eg kan!

Vladimir Putin

Eg føler kanskje at eg er usakleg no. Dette skulle handle om Britt, ikkje Krims historie og Vladipiss Puta (også ganske barnsleg).

Britts intellekt

Britt har alltid følt seg mindre intelektuell (der skreiv eg intellektuell feil med vilje for å understreke poenget, det føler eg er ganske avansert skriving) enn “dei andre”. Ho har nok vore det og. Dette var grunnen til at ho lærte seg russisk i si tid, for å lese Dostojevskij på originalspråket. Kven i gjengen var mest interlllekktuell no, HÆ?

Dosto var kjempebra, men ho vart trist og engsteleg av å lese om Raskolnikov i Forbrytelse og straff. Ho levde seg fullstendig inn i hans situasjon og blei heilt utmatta. Minna om hennar eigne ugjerningar blei for sterke. Ein gong blei ho tatt på fersken då ho stal ei øl i kjøleskapet på ein fest, og i vill panikk slo ho verten i hovudet med ei oppblåsbar palme (ikkje Olof, altså). Angsten som oppstod dagen etter sat brent fast i minnet.

Oppblåsbar palme

Ho blei etter kvart interessert i den russiske krimforfattaren Aleksandra Marinina. I utgangspunktet var det fordi ho hadde så kult namn: Alek Sandra Mari Nina. Heilt ok å hugse. Men så vart ho interessert i bøkene og. Her er favorittbøkene:

Og tema for gruppereisa Britt hadde meldt seg på var nettopp Alek Sandra Mari Nina sitt forfattarskap! Tenk det! Shit! Mæn! Omg! Wtf!

Program i Sevastopol

På programmet for opphaldet stod true crime-rundtur i Sevastopol, middag og kvelds på eit berømt slott, “stripp eller stikk?” – eit føredrag om menneskehandel, og det Britt gleda seg mest til: Omvising i eit skikkelig stort bibliotek.

Mesteparten av greiene dei skulle på var guida av ei ukrainsk dame som kunne engelsk. Ho heitte Kritt Elena Lhwetz Navrylyuk Syodorov. Ikkje sånn kjempeenkelt namn, egentlig.

Kritt Elena Lhwetz Navrylyuk Syodorov framfor bøker

Kritt E.L.N.S (det gjer faktisk ingenting at ELNS også er forkorting av “eller noko sånt” på SMS-språk) var veldig kunnskapsrik og hadde fin kjole. Dessutan hadde ho ei flott utstråling og god humor.

Dermed blei Britt veldig fascinert av Kritt ELNS. Dette var nye kjensler. Ho blei interessert på ein heilt anna måte enn ho nokon gong hadde vore før… Ho blei forvirra av kjenslene, men prøvde å jage dei vekk.

(Akkurat namnet Kritt vekte også vonde kjensler for Britt, for ho blei erta som barn. Dei andre barna sa “Britt er dritt og spiser Kritt” (ikkje veit eg kvifor dei erta på bokmål, men barn er barn, ballen er rund, mål er mål og hol er hol. Så det.))

Britt har generelt eit fjes med lite mimikk, men viss du ser veldig nøye, kan du sjå det ekstra lille glimtet i auget hennar på dette biletet:

To kvinner som står fremfor bøker
Det er ikkje alle glimt det er like lett å sjå.

Ca. 70% av kveldane i Sevastopol passa Britt på å sette seg attmed Kritt i måltid- og ølsituasjonar. Det var ikkje heilt bevisst, men tydeligvis noko inni henne som fekk ho til å oppføre seg slik.

Etter denne veka var Britt totalt forvirra! Korleis gikk det an å ha desse kjenslene for ei dame? Det var uventa. Britt tenkte på Kritt heile bussturen heim. Ho tenkte så mykje at ho blei bilsjuk, faktisk.

Sjå på taket, då!

Til slutt vil eg komme med nokre ekstremt gode litteraTUR-tips.

Eg vil influense deg til å oppføre deg slik:

  1. Ikkje les bøker med bokstavar du ikkje forstår. Det er bortkasta tid.
  2. Les forkortingar skikkelig. Det er flaut å misforstå dei på ein dirty måte. Og du må i alle fall ikkje la det styre kor du reiser på ferie!
  3. Ikkje lat som om du likar kjedelige bøker. Det er lov å ikkje like Ulysses, for eksempel. Eller berre lik det du vil, egentlig.
  4. Det er ganske fint å lese på senga til du sovnar, men pass på så du ikkje treff tennene med boka når den dett ned i ansiktet ditt. Spesielt viss boka er ein kindle. Eg har fått sånn rar lysbrytingsfeil på min på grunn av fall mot fjes.

Lykke til!