Hopp til innholdet

Barnehagestart – kokokokokoko

  • 4 min read

Det er rart å begynne i barnehagen igjen. Spesielt fordi eg er såpass mykje eldre enn alle dei andre som går der. Ikkje for å skryte, men eg er meir moden enn dei andre, i alle fall inntlectuellt.

Grovmotorisk er det mange som er kome lenger enn meg, men finmotorisk er eg suveren. Berre sjå!

Mann med spesiell bart, sår og eksem, og bæsj på foten.

Neheheheeeidaaa!

Eg er jo berre med når Jone skal i barnehagen. Der lurte eg deg! Men DET er rart, både for han og meg.

Eg kan ikkje påstå noko om korleis han føler det, men for meg var det sårt. Vi kom inn i garderoben, og det første vi såg var ei pittelita regnjakke.

Altfor lita regnjakke!

Så korga hans med klede i størrelse 2 år. Teikningar frå august 2019. Det minte meg på kor fort alt skjedde. Eg hadde berre henta klede med tanke på at han skulle vere vekke nokre dagar for å ta MR i Førde.

Men så blei det eit år i staden.

Eg fekk inntrykk av at Jone hugsa det meste av barnehagelivet. Plassen sin, dei vaksne, dei andre barna. Han har heile året blitt trist og sint av å sjå bilete og videoar av korleis han var før, og dette vart nok ei kraftig påminning om det gamle livet. Han har ikkje gløymt det, slik nokon kanskje trur.

Møtet med dei andre barna

Ein anna sår ting er å sjå kor dei andre barne er kome i si utvikling, både motorisk og sosialt. Dei spring rundt og er glade og bekymringsfrie. Nysgjerrige på Jone som er heilt annleis enn dei hugsar.

Dei forstår ingenting. Sjølvsagt og heldigvis. Skilnaden er så stor og merkbar.

Dei har erfaringar nok for fire og fem år.

Jone har erfaringar nok for eit heilt liv. Han har gått gjennom hardare ting enn dei fleste nokon gong må.

Dei andre har vore med andre barn mesteparten av dagane. Jone har berre vore med vaksne i eit år.

Den einaste fordelen med små barn er at dei toler ulikskapar mykje betre enn store barn og vaksne. Der lurte eg deg igjen! Det er fleire fordelar med små barn, eg er ikkje heilt sjuk i håve, då.

Her ser du tydeleg på ansiktsuttrykka at små barn har større toleranse for ulikskapar enn store barn og vaksne.

Møtet med dei vaksne

Heldigfåkkingsvis er det veldig flinke vaksne som jobbar der, og dei skjønar ganske nøyaktig kva Jone treng. Der fekk dei den!

Han treng ikkje så lang tid på å bli trygg på dei. Han går raskt frå å vere heilt stum og berre skrive boksavar i lufta til å snakke og vere vanleg og glad. Det er veldig greitt for meg, for då kan eg sove litt på sofaen, anten i barnehagen eller heime.

Raskt trygg på vaksne.

Eg har veldig trua på at det skal gå bra i barnehagen. Berre sjå kor kjekt det er:

Utfordring på aktivitetsrommet.
Matlyst. Merk deg at han har dratt kreftkortet for å sleppe å ete skorpene. Det har ikkje funka for meg dei gongane eg har prøvd.
Heilt ferskt og rørande bilete frå i dag. Det sosiale går betre og betre.

MR

Eg drøymer om eit liv der MR ikkje er ein del av teksten.

Det er hemmeleg, men medan alle dei andre planlegg livet framover, korleis vi skal gjere ditt og datt, så klarer eg ikkje å forholde meg til livet etter neste MR. Tør ikkje.

16 kommentarer til “Barnehagestart – kokokokokoko”

  1. Jone er ein tøffing. Som mormor til guten er det ei glede å sjå at det sosiale kjem på plass. Han er flink med trening, så det er framgang daglig. Han ar vore med voksne eit år, og eg har hatt gleda av å få tilbringe mykje tid med han, og sjølvsagt Tuva. Han har hatt det tøft, men har ein lun og god humor. Lært å lese på eiga hand, og nesten all leik endar med tall eller bokstavar, bilar kan brukas til så mangt, eks E eller O. <3 <3 <3

  2. Så utrolig kjekt å se at han e begynt i barnehagen😍🙌 Så kjekt å se fremgangen! Dåkke e så go altså! 🤩

  3. Frøydis Storsæter

    Barnehagestart – så bra 🤩 Sikkert tøft for deg og han – men for en milepæl 🙌 Husk at du er sterk – Jone er sterk – og vi (og jeg) vil alltid heie på dere 🙌🙌😘

  4. Veldig kjekt å sjå at de har begynt i barnehagen igjen. Takk for at du bloggar slik at eg som bur langt vekke likevel kan følge dåkke. Lykke til videre ❤

Kommentarer er stengt.