Hopp til innholdet

5 heilt spesielle opplysningar om sneglar

  • 4 min read

Berre litt info: Det er meir korrekt å seie svartskogsnegl enn “svartsnegl”, men det går bra. Alle skjønar kva du meiner. Latinsk namn er arion ater. Og no skal du høyre! Den grusomme brunsneglen (som eg går til krig mot) er i nær slekt med den svarte, men medan den svarte er snill og uskuldig, er den brune vond og vulgær. Og det latinske namnet på brunsneglen er nettopp arion vulgaris. Så der har vi det!

Desse vitsane er det historia som har laga, eg kan ikkje ta æra for dei. Eg er berre ein enkel teikneperson som utnyttar den tøysete folketrua. Informasjonen har eg funne på favorittnettsida mi, Store norske leksikon: https://snl.no/snegler

Rangert etter rarhet.

1. Svartsneglar spådde regn og uver

Tegning av svartsnegel som varsler regn
At svartsneglar varslar regn har eg høyrt heilt sidan eg var barn, og eg reknar ikkje det som særleg spesielt, sidan sneglar faktisk trivst best i regnver. (Eg har ikkje sett svartsneglar på lenge, til trass for at det har vore regn, så eg reknar med brunsneglane har ofra dei i ein av dei ekle seremoniane sine.)

2. Svartsneglar betydde sorg

Tegning av svartsnegle som varsler sorg
Eller var det rotnande organisk materiale som varsla sneglar?

3. Lolloollllool! + Æsj

Nokre stader var det vanleg å bruke sneglar som smøring på kjerrehjul

Tegning av bruk av svartsnegle som smørning på kjerrehjul

4. Fytti fåkken!

I folkemedisinen blei sneglar brukt mot manglande matlyst!

Snegler mot dårlig matlyst

5. Finale: Vanvittig spesielt!

Dersom du klarte å ta ein snegle i følehorna og svinge den tre gongar rundt hovudet, kunne du ønske deg tre ting. Dette er veldig merkeleg, på alle måtar.

For det første, korleis skal ein få tak i følehorna? Dei lange stilkane oppå er faktisk augene, og sjølv om eg synest sneglar er motbydelege, så tenker eg at det er litt frekt å grab them by the eyes. Det er dei små stilkane under som er følehorna.

Sneglefjes
Sneglefjes. Eg har teikna på to kvite prikkar som skal forestille pupillar, men eg tvilar på at dei har det.

For det andre, korleis definerer ein svinging over hovudet i sneglesamanheng? Eg veit at dette ikkje er noko reell problematikk, men eg synest det vart litt lite å berre teikne eit sneglefjes, liksom.

Snurre snegler over hodet
Snurre den litt rett over håret?
Snurre snegle over hodet
Eller slenge den rundt som ein maniac medan slimet fyk i alle retningar?

Eg trur ikkje vi har folketrudd noko om brunsneglar, for dei kom til Norge først i 1988. Det EG trur, er at å drepe dei vil føre til sol, mindre sorg, glatte kjerrehjul og at alle ønske i heile verda blir oppfylte.

Stikkord:

2 kommentarer til “5 heilt spesielle opplysningar om sneglar”

  1. Dinna bloggen din altso. Er eg i dårleg humør så snur det ganske fort etter å ha lest nokre innlegg her. Du verka fortsatt like kul som vi syns du var når du revolusjonerte lærarstaben på skulen vår på tidleg 2000talet.

Kommentarer er stengt.