Hopp til innholdet

5 ekstremt gode råd om klipping av hekk

  • 4 min read

Britt har hekk

Når ein har hekk, er det finast viss ein klipper den i ny og ne. Altså når det er nymåne eller nemåne.

Hekksaks

Dette er berre ei kort historie om at Britt klipper hekken sin (eller den er meir generell om hekkeklipping, faktisk). Ho er opptatt av utstyr, og har gått til innkjøp av elektrisk hekkeklippar. Den har batteri, og batteriet passar til fleire av maskinene hennar, så det er heilt nyyyydeleg! Det største problemet Britt har når det gjeld hekkerelaterte greier, er at ho er ganske kort, og både hekken og maskina er ganske lange. Men ho gjer så godt ho kan, det får holde.

Når ein klipper hekk må ein planlegge litt på førehand.

  • Korleis vil du ha hekken?
  • Skal den vere firkanta eller rund?
  • Forma som ein kvinnekropp?
  • Hund?
  • Sel?
  • Vil du at den skal vere tjukk nede?

Det er lurt å teikne ei skisse før du begynner.

Vits om klipping av hekk på tissen
Hekk forma som kvinnekropp

Britt vil ha firkanta hekk som er fyldig og nydeleg i heile hekken.

Trikset for å få hekken fyldig nederst er å klippe pittelitt på skrå oppover, men ikkje så mykje at det ser heilt merkeleg ut. Det er ikkje riktig klokt å ha ein hekk som er heilt spiss på toppen! Hahahahah! Ved å skrå den litt, får den sol nedst og, nemlig. Treng ikkje vere landskapsarkitekt for å forstå det.

Må ikkje gløyme å ta ein pause med ein liten matbit!

Start gjerne med skråinga. Så er det eigentleg berre å trimme litt på toppen. Ein kan la hekken vekse i høgda til den er så høg som du vil ha den, men det er finast viss det er beint og fint på toppen og. Sånn. Enkelt penkelt.

Hekksaks bosch
Stolt, stoltare, stoltast!

Min eigen hekk er forma som ei dansk fjellkjede. Du ser Himmelbjerget til venstre i bildet. Det er og lett å sjå at den er veldig fyldig nedst og liiitttt tynn øvst. Det kan vel tyde på at eg har tatt litt hardt i med skråinga. Der må eg jammen ta lærdom.

Hekk som er klipt

5 kjempegode råd om klipping av hekk

  1. Prøv ein gong. Dersom du hatar det, kan du for eksempel rive opp hekken og kjøre den til avfallsplassen. Sett opp eit stakittgjerde i staden, evt. ingenting. Legg deg i hengekøya og slapp av.
  2. Dersom du har veldig høg og lang hekk: Ha litt musklar i armane. Du kan ringe ei eg kjenner, Janne Elin. Ho kan hjelpe deg med muskelbygging.
  3. Klipp bittebittebittelitt skrått oppover, men ikkje så mykje at det ser heilt idiotisk ut.
  4. La den vekse så høgt som du vil ha den, men lag den for all del litt jamn øvst.
  5. Relax. Ta deg ein kopp kaffi og ein liten kjeks.

Det einaste eg tek kritikk for i denne teksten, er at eg gav inntrykk av at den skulle handle om Britt, men så handla den nesten utelukkande om hekk.

Har du gode hekkeråd? Eg er skikkelig interessert.

Stikkord:

7 kommentarer til “5 ekstremt gode råd om klipping av hekk”

  1. Takk førr svar. Godt å hør at Britt ikkje e plagæ mæ flatulens etter eplespising, dæ e dæ mange som e nemlig.
    Ha en fin dag. Prrroit.

  2. Hei!

    Takk førr gode råd om hekkeklipping.

    E synes matpakken te ho Britt såg væl raus ut. Spiste ho heile matpakken, og fikk ho luft i magen?

    1. Berre hyggelig! Ho klarte berre eit halvt eple, men sparte resten til seinare. Då var det sjølvsagt blitt brunt og litt ekkelt. Ho får som regel ikkje luft i magen.

  3. Takk for at du viste meg korleis eg klippe hekken slik at den ser ut som bestemor❤️

  4. Ola Eskeland Grimsbø

    meget lærerikt!!! takk for at du har gjort kvardagen lettare og revelusjonert livet mitt

Kommentarer er stengt.