Hopp til innholdet

3 døme som viser at det er blitt tryggare å vere lærar

  • 6 min read

Men slapp aaaav, det er fortsatt veldig farleg!

Det er eit dramatisk yrke eg har, og eg advarer mot sterke ord og bilete. Spesielt lærarar og anti-lærarar må hugse å puste med magen!

No er det lenge sidan eg var på jobb. Eg har hatt 49% av ferien min, det er ein evighet sidan den starta og ein evighet til den sluttar. Pluss/minus uendeleg, liksom. For forstå det betre, kan du tenke deg at vi no er ved Jesu fødsel, og at ferien starta i bronsealderen og kjem til å slutte i 2019. (Eg veit at denne samanlikninga ikkje klargjorde noko som helst, men eg vel å ha den med likevel)

Tidslinje: Lengda på ein lærarferie. (Eg må faktisk berre beklage korleis føtene er teikna. Det er kjempevanskeleg for meg!)

Det er nokre som meiner at lærarar ikkje fortener 4038 år med ferie kvar sommar, og at dei sjølv burde ha like mykje. Til dei kan eg seie:

  1. Vi får alle som fortent! NEEEEIIIIIDDAAAA!!! Det var ein vits.
  2. Du står fritt til å ta master i lærar og få jobb på skule. Då får du nemleg den ferien du misunner så sjukt mykje. Det er IKKJE ein vits, for det er det som må til på ekte. Det er det vi andre har gjort. Alle som har jobb har på eit tidspunkt tatt eit yrkesval, med eller utan kunnskap om arbeidstid. Det at du valte eit yrke med ordinær ferie er ditt eige problem. Dersom ferieavvikling var så viktig for deg burde du kanskje valt annleis.

Det var ikkje meininga å vere så sur.

Uansett. I sånne lange, ledige stunder tenker eg litt tilbake på førre skuleår.

Eg har som generelt mål å vere ei motkraft til positive ting rundt meg. Lærarar kan vere veldig positive og gløymer å sjå moglege problem. Slitsomt.

Så eg tenkte eg kunne belyse kva som var negativt og farleg i yrket mitt i mai og juni.

Det var dessverre ikkje så mykje, men for min del kom eg på dette:

  • Det var ein dag eg kunne fått hudskade som følgje av sol. Sola kom svært brått på meg, og eg har nesten aldri med meg solkrem på jobb.
  • Eg fekk litt skade på hørselen, p.g.a. musikkundervisning. Dette er ikkje spesielt for mai og juni, det gjeld alle månader.
  • Eg kunne fått fotballen i hjernen, men eg passar på å forby ballspel så ofte som eg kan.

Så då kom eg på at det eigentleg var ein del ting som var mykje farlegare før. I 2001, for eksempel. Då eg var nyutdanna.

Døme 1: Papir-skadar (papercuts)

Det er færre papercuts, og dermed høgare jernlager hos lærarane, samt fleire plaster igjen i behaldaren.

Døme 2: Overhead-skadar

Det er ca. null skadar som følge av overheadbruk no til dags. Det einaste som fortsatt kan skje er at vi mistar ein overhead ned på foten eller klemstrar fingrane i det rare lokket på toppen når vi skal flytte dei gamle overheadane frå eitt rom til eit anna fordi kommunen ikkje veit kor vi skal gjere av dei.

Dei skadane eg tenker på, frå gamle dagar, er at vi fikk lyset midt i augene, og såg prikkar lenge etterpå. Alle dei 30 elevane såg ut som heilt like prikkar resten av dagen. Så måtte vi seie “ja, versågod, Prick” kvar gong ein elev ville ha ordet. Nokre lærarar eg kjenner fekk aldri vekk prikkane, og går rundt med dei den dag i dag. Ikkje lykkeleg slutt, altså.

Etter eit overhead-uhell

Døme 3: Røyke-skadar

Eg har ikkje peiling på om det er mindre lungekreft blant lærarar, men det er i alle fall mindre røyking. Det er sikkert og visst.

Og sidan “…forsking viser tydeleg at røyking er årsak til dei fleste tilfelle av lungekreft…” (kilde: https://kreftforeningen.no/), konkluderer eg automatisk at færre lærarar får lungekreft.

Før kunne du berre snike deg bak hjørnet for å ta deg ein røyk. No må du finne fram ein spade, flytte deg ut av kommunen sin eigedom, grave eit hol i jorda og røyke røyken din der.

Forholda ligg rett og slett ikkje til rette for røyking på skulane lenger. Utviklinga har vore slik: Frå røykerom på skulen, til å gøyme seg bak hjørnet (mens elevane gøymte seg bak eit anna hjørne), til å gå utanfor skulen sitt område, til røykefobud i arbeidstida, til røyk og snusforbud på kommunen og fylkeskommunen sin eigedom. No er røykvarslarane stilt inn slik at dei oppdagar snusing og.

Dette har gjort det så vanskeleg å vere nikotinavhengig lærar at dei fleste har slutta, i alle fall i arbeidstida. Eg føler faktisk at denne delen av teksten vart altfor seriøs, og eg vil ikkje bruke tid på å finne ut kva andre røykeskadar det er mindre av. Men det er jo innlysande at det er alle moglege.

Konklusjon

Det får halde. Eg håpar eg har influensa mange forvirra ungdommar til å ta master i lærar. Det er jo mange som stiller seg dette spørsmålet når dei skal velje yrke: “Korleis er det med yrkesskadar og ferievilkår, eigentleg?” No er det ikkje noko meir å lure på.

PS (som betyr post scriptum, etterskrift. Haha, der lurte eg deg til å lære noko!): Sørg for at du har personlege eigenskapar som gjer deg skikka til å vere lærar, samt veldig gode faglege kunnskapar. Det er ikkje berre å komme dinglande med lyst på ferie, liksom.

PPS (post post scriptum (det er ikkje kødd)): Eg trudde det var unødvendig å seie det, men dersom du vil at fleire skal bli influensa av dei viktige bodskapane mine, så må du faktisk DELE artiklane. Gjerne på facebook. Eg seier som Sylvi: Lik og del.

Stikkord: