Hopp til innholdet

Was mich nicht umbringt, macht mich stärker

  • 5 min read

Sa Nietzsche. Bietzsche. Skulle kanskje hatt eit litt vanskelegare namn? Kva med Njietzjschie?

Tips til Nietzsche-familien: Skift etternamn!

Fredrik Nitsje. Sur.

Eg skulle skrive heile innlegget på tysk, men så kom eg på at eg ikkje kan tysk lenger.

Hin dagen gikk eg ein tur, og så hørte eg “Stronger” med Kanye West. Han herma etter Nittsje: Det som ikkje drep oss, gjer oss sterkare.

Det er sikkert rett.

Men berre for å kverulere på denne fantastiske livs-visdomen: Tenk alle moglege måtar du nesten kan miste livet på!

Døme: Du er uheldig og sagar av deg begge armane og begge beina. Maks uflaks. Men det er ikkje korona-problem i Norge, så du får behandling på sjukehus og overlever. Flott. Du blei ikkje drept. Men vart du eigentleg sterkare? I alle fall ikkje i beina og armane!

Vart du sterkare?

Eg kan komme med ein milliard slike eksempel: Du er uheldig med manneøksa di og høgg av deg begge armane og ein fot. Det er korona-problem i Norge, så du får ikkje behandling på sjukehus, men du klarer å stappe bomull og sånn inn i blodårene sånn at du ikkje blør i hel, og du set deg kaldt (f.eks. i uteboda, der alt dette skjedde), slik at du ikkje rotnar. Så får sjukehuset kapasitet, og du får komme inn og amputere den andre foten, samt sy litt her og der. Du overlever! Men vart du sterkare? Kor då liksom? (Det fantastiske her er at du klarte å stappe bomull inn i blodårene når du mangla begge armane og ein fot.)

Lat oss likevel seie at Nitsjiboi har rett.

Kor sterk treng ein eigentleg å vere, då? Det er ikkje noko trøyst at ein blir sterkare når ein føler seg sterk nok frå før.

Aleine

Eg valte å få barn aleine. Då eg planla nr. 2, visste eg at eg måtte gamble litt. Eg hadde allereie ein fireåring, så eg satsa alle koronaene mine på at eg fekk eit friskt barn utan mage- eller søvnproblem, eller tvilling. Dette var nemleg ting eg såg for meg at eg knapt hadde orka med partner, så eg kom i alle fall ikkje til å klare det aleine.

Men kva veit ein vel om kva ein kan klare? Hahahhahahaahahahahaahaahahahahahahahah!

Rolige og blide barn.

Tenk på dei grusomme tinga du trur du ikkje kan klare. Du klarer det når du må, men du slepp å forstå det før du treng det. Sånn sett er livet ok.

7,75 år utan

Det gikk 7,75 år utan store problem. Eg hadde rolige ungar som sov godt og var blide. Dei klarte ikkje å få høgare feber enn 39, spydde berre tre gongar per omgangssjuke og hadde berre ein vannkopp. På deling. Så eg tenkte det ikkje var så stress å vere aleine med to barn. Fordelane var fleire enn ulempene.

Rolige og blide barn.

Nokre få gongar har eg tenkt at eg skulle hatt partner slik at eg kunne gå på konsert, kafe eller kakebakekurs. Men det er visst ikkje riktig bruk av partner.

Så 0,54 år med

Så fekk eg veldig sjuk unge. Eg har faktisk tenkt at det er alle problema eg har blitt spart for i dei 7,75 åra som har akkumulert og blitt til eit kjempeproblem. Livet berre: Hahaha, lurte deg! Og dersom det er sånn det skal vere, så skal eg sørge for å ha mange småproblem per år i liva som kjem! Tusen faen takk for problemet.

Passe sterk

Fysisk meiner eg det held å vere sterk nok til å løfte eigen unge, få varene inn frå bilen, bere ved frå uteboden til stova, gjerne vere til hjelp når stefedre skal flytte på ting for deg. Meir enn det trengs ikkje.

Og så må du ha kondis til å springe frå ein voldtektsforbrytar. Det er så jævla urettferdig! Koffor kan vi ikkje berre få vere i fred?

Ho dama har betre kondis enn voldtekstforbrytaren.

Tilsvarande meiner eg det burde halde å vere mentalt sterk nok til å bere dei vanlege tinga: Bekymringar for eigne barn, naturlege dødsfall, eigen depresjon, tap av livmorhals, helseangst, å ha sprunge frå ein voldtektsforbrytar.

Tapt livmorhals.

Eg jogga her ein dag. Då hadde eg så høg puls at klokka mi sa at eg hadde null effekt av treninga. Eg måtte restituere i fire dagar før det var vits i å prøve igjen.

Etter denne mentale treningsøkta bør eg truleg restituere i 40 år.

Hjernesvulsten

Til slutt vil eg ha med litt kultur. Eg har laga ein song om hjernesvulsten. Melodien er fola, fola blakken:

Hjerne, hjerne-svulsten
No er svulsten god og trett
Svulsten skal bli borte vekk
Å hjerne, hjerne-svulsten

Huff, den leie kreften
Og den lange stygge, harde føkkings cellegiftkuren
Den var riktig dryg for deg
Du gamle hjernesvulsten

Det får holde.