Hopp til innholdet

Trudde du at menn og kvinner var like mykje verdt? Hahahahah! Her har du bevisa på at du tek FEIL!

  • 5 min read

Eg ville teikne noko morosamt frå historia, for det viser seg at det er ein del å ta av. Ein gong før fann eg noko om sneglar, for eksempel.

Eg søkte på kvinnehistorie, for eg ville teikne kvinneundertrykking. Det er jo typisk sånn som vi dreiv på med i gamledagar, men ler oss i hel av i dag. (Litt sånn som vi ler av å snurre ein snegl over hovudet for å få tre ønske.)

Rikeleg med relevante treff!

Her var det mange relevante treff. På snl.no er det ei eiga samleside om kvinnehistorie, med hasjtag og greier. #norsk kvinnehistorie.

Så søkte eg på mannehistorie, for eg tenkte det måtte vere tilsvarande gode sider om menn:

Meinte du motehistorie? Nei, eigentleg ikkje… Av og til må google skjerpe seg, altså.

Mannehistorie var kanskje for barnsleg ord, så eg prøvde menns historie. Fekk berre treff om menns seksualitet og sædkvalitet. Som om det var DET eg lurte på!

(Ja, eg søkte på menshistorie og, men då skjønte google at eg hadde spora heilt av)

Veldig forvirrande dette, at vi har inndeling i kvinnehistorie og historie. Kvinnehistorie og menneskehistorie. Eg vart litt forferda og skuffa, for eg vil jo at alle kjønn skal ha ei historie.

SÅ skjønte eg det! Menneske begynner jo med menn! Menneskets historie er eigentleg mannehistorie. Derfor må kvinner ha ei eiga. Vi er på ein måte ikkje menneske. Ehm.

(Eit raskt søk i ordlista viser at det er mange interessante ord som begynner med men, for eksempel mengdelære, meningitt, meningsfull, meniskskade, menighet. Det er berre dritkjedelige ord som begynner med kvin: kvine, kvingle, kvink, kvinkre, kvintessens. Høres ut som fantasiord. Dei einaste interessante var kvinkvagesima, som er eit gammalt ord for fastelavnssøndag.)

Etter endå meir tenking kom eg på alle områda der menn er overlegne kvinner, og eg følte meg litt dum som i det heile tatt tok opp temaet.

Menn har fleire hjernar enn kvinner

Her går eg ut frå at alle hovud har ein hjerne, så eg telte tre på menn og to på kvinner. Men eg er på tynn is. Eg merka akkurat at eg hadde glømt hovudpulsåra, så det er sikkert mange andre eg har glømt og.

Tegning. Menn har flere hjerner enn kvinner
Eg er som regel ikkje den ivrigaste på å komme med “hjernen i tissen”-vitsar, men eg kom ikkje på noko anna. Beklager.

Menn er sterkare enn kvinner

Det er svært mykje verdt når møblar skal flyttast, kjøtt skal bærast heim frå jakt, koner skal bankast osv. Tusen millionar nytteområde.

Mann med store muskler som løfter en stol. Kvinne som er sterk og føder et barn. Tegning.
I nokre situasjonar får kvinner bruk for musklar.

Menn er flinkare til å kjøre bil enn kvinner

I alle fall viss ein konkurrerer i fart og frontkollisjonar.

BÆNG!

Menn er flinkare til å vere kriminelle enn kvinner

Menn er best i absolutt alle kriminalitetsgreiner. 75% av straffa personar i Norge er menn. Slå den, du! Det einaste området kvinner nesten greier å hevde seg på, er underslag og ID-krenking. Der er 40% av dei straffa kvinner. Vi er ikkje heilt ubrukelege, after all.

Så menn er flinkare til å voldta, drepe, rane, svindle + alt anna. Det må ein jo berre beundre.

Eg kunne fortsett veldig lenge med denne lista, altså.

Menn er flinkare å ikkje grine, dei er høgare, dei er flinkare å bestemme over kvinner, dei har kraftigare stemme osv. Men lange lister kan bli litt kjedelige.

Uansett: Her ser du kvifor det er HEILT LOGISK at det fortsatt må vere menn som bestemmer og tener mest pengar. Dei som ikkje forstår det, må vere kvinne eller noko sånt. (Ikkje at det er berre negativt, du får jo trass alt eiga historie utan å gjere noko anna enn å bli født utan penis.)

Kvinner og menneske? Hm.

Så søkte eg på vaffelrøre og fekk kjempemange relevante treff med ein gong.

(Dersom du er mann og blir blodig fornærma no, må du berre glede deg over at du ikkje er ein del av statistikken! Slapp av. Pust med den sterke mannemagen din.)

Såra og fornærma mann. “Eg er ikkje sånn som du skisserer! Buhuhuh”
Stikkord: