Hopp til innholdet

ANALyse av fjellvettreglane frå eit instagram-perspektiv

  • 7 min read

Eg veit det er billig humor å kalle analyse for ANALyse, men mi erfaring er at det funkar veldig ofte. Så det.

På dette området har eg veldig høg kompetanse, for nesten alle vennane mine er supergode til å ta fine bilete frå fjellturar, og dei smiler alltid. Så no skal eg vere veldig raus, og dele mine tips for ein super-vellukka fjelltur (frå instagram-perspektiv). Utgangspunktet er dei vanlege fjellvettreglane. Eg har berre lagt til nokre relevante tips.

(Av dei eg kjenner som verkeleg har skjønt det, merkar @jannhark og @marbheim seg ut.)

Mor på fjelltur med barn i bæresele. Instagram posering
Det er mykje som er feil med dette biletet, derfor er det ikkje på instagram. Døme: Det er ikkje sol, mora har grått hår, smilet er litt for fake. Det er sjukt tungt med bæremeis, og ho har ikkje tatt hensyn til eigne evner. (Ungen er søt nok.)

Instagramfjellvett-reglane

1. Planlegg turen og meld frå kor du går.

Dette er jammen lett å gløyme! Når det er fint ver, er det om å gjere å komme seg på fjellet sporenstreks før det skyar til igjen og blir regn.

Det du kan gjere, er å sende live-video på instagram. Det er betre enn å melde frå, faktisk, og det funkar så lenge til har batteri, dekning og sol. For sikkerhets skuld kan du skru på sånn der at du viser på kartet på snapchat.

Snapchat kart
Snapchat. Det seier seg sjølv at eg ikkje kan skru på mitt kart, for då ser alle kor mykje eg er heime. Det er ikkje bra.

2. Tilpass turen etter evne og forhold.

Du kan ta nydelege bilete dersom du går frå topp til topp til topp til topp. Viss du ikkje har gode evner, kan du vurdere å ta bilete frå vindauget i eit fly. Det har best effekt når det er skyfritt, og fly-vindauga må vere heilt reine, elles kan du bli avslørt. Det er flaut.

Tar instagram- bilde ut fra flyvindu

3. Ta hensyn til ver- og skredvarsel.

Det er fancy å ta bilete av at skodda kjem mot deg, men ikkje så fancy viss du står midt inni. Det blir jo berre heilt grått.

Skodde
Ikke instagram-vennlig
Bilete frå ein gong eg ikkje tok hensyn til vermeldinga. Ikkje spesielt instagramvennlig.

4. Ver førebudd på uver og kulde, sjølv på korte turar.

Dette er smør på flesk. Dersom du følgjer regel nr. 3, så burde nr. 4 vere unødvendig. MEN det kan bli ganske interessant insta av at du filmar deg sjølv i fullt av kle, og så høyrer publikum ingenting på grunn av vinden i mikrofonen. Då skjønar alle at du er ein friskus. Det kan vere like fint å ta eit bilete av at du er heilt nedsnødd, men skikkelig godt kledd. NB: Hugs dyre og fargerike klede!

oioioi, for eit regn!

5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.

Kanskje du møter på nokon som har mista mobilen i ein bekk då dei gikk over den etter vatn? Eller, Gud forby, at du mista din eigen. Då er det greitt om du har med deg eit eingongskamera i sekken. Det blir ikkje bra bilete, men til gjengjeld ei veldig god historie. Då kan du skrive under dei stygge instagrambileta: “Hahahahahahahaha, beklager stygge bilete, men eg mista mobilen! Hohoho.” #klønete #skulletruegaldrihaddevorepåfjelletfør #detharegaltsåverdutrygg

Mista mobilen i elva
Desperat jente
Ein grusom situasjon!

6. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.

Dette biletet seier mykje.

Bilde fra fjell
Nydelig utsikt
Instagram-vennlig
  • Her har eg gått opp på nabofjellet for å sjå an forholda for fjellturen på hi sida. Viss du ikkje ser at her har gått skred, og at isen på vatnet i tillegg er utrygg, så er du dessverre blind. Eller veldig svaksynt.
  • Dette er og eit eksempel på regel 2. Dersom du har tenkt å gå alle dei synlege fjella på ein dag, kan det for mange vere lurt å vurdere fly.
  • For å kritisere, så burde eg gått heilt ut på stupet for å fotografere. Det tar seg ikkje ut å ha med mykje mose og stein der du står, for då skjønar alle at det ikkje er så spektakulært, berre trygt. Eg har ekstrem høgdeskrekk, så det blir ikkje.

Eit anna veldig godt råd om du er usikker, er å ta vegen som går til kafeen i staden for den som går til fjellet. Det finst uendelege døme på vakre instagram-bilete av mat og kaffi og.

Vanskelig Veivalg
Kva skal eg velje? (Her har eg fått til veldig Astrupske fjell)

7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kor du er.

Dette liknar på regel nr.1. Men så liknar 7-talet på 1-talet og, så det er ikkje rart. Det er eit godt råd. Du kan bruke GPS på mobilen så lenge du har batteri. Så kan du ha eit kart i sekken som du tar fram når du skal ta bilete av fjellskoa dine mot uendelege fjell, med litt av kartet nedst i biletet.

Fjellsko i hengekøye
Ser på kart
Perfekt for instagram
Humoristisk
Dette er berre døme, det er ikkje frå eit ekte fjell. Beklager veldig, veldig, veldig mykje! Neida, berre litt.

8. Vend i tide, det er ingen skam å snu.

Ehhmmmm. Jo, det er litt skam. Men du treng ikkje å seie til instagram at du snudde. Det kan bli i gruppa. Berre hugs å ta mange bilete på vegen opp. Alle motiv treng ikkje å vere frå toppen. Og du kan jo legge ut bileta frå flyturen. Null stress.

9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.

Eventuelt ikkje gå på fjellet når du er sliten. Det er ikkje vits i å gå på fjellet viss du må søke ly. Kva bilete blir det, liksom? Bilete frå inni ei hole? Under ei gran? Frå DNT-hytte med skodde overalt? Nei, då er det betre å vere heime.

Skodde
Bilete ut vindauget i DNT-hytte.
Bilete frå inni ei hole.
Under ei gran
Under ei gran.

Då er det berre å gå ut og fotografere! Sjåast på insta insta gram gram gram.