Hopp til innholdet

17. mai før og no

  • 5 min read

Før: 2019

No: 2020

Eg begynte dagens skriveøkt med: “Eg har INGENTING å skrive om igjen. Det er faktisk rart at eg har meir interessant å skrive om når eg sit aleine på eit rom på barneklinikken enn heime i den fantastiske bygda mi.”

Og så dura eg på om korleis eg likar å ha eit kjedelig liv, der eg ikkje treng å skunde meg rundt på alt mogleg. Deretter kom det litt om korleis eg føler meg utilstrekkeleg som mor nettopp fordi eg ikkje aktiviserer og underheld ungane mine. Så unnskylda eg meg med at eg som aleineforelder har andre reglar og rettar enn kva par har. Stakkars aleinemor bla, bla, bla. Medan det eigentlege motivet er at eg er litt lat og likar best rutiner og ro. Eg var til og med innom psykiatri, men der greidde eg å stoppe.

Så enda eg opp med ein 17.mai-tekst. Nei, no har eg aldri sett maken! So ho sa, prinsessa som ingen kunne målbinde. Altså brura.

Prinsessa som ingen kunne målbinde.

Ja til korona-feiring

Eg begynte å skrive om årets spesielle heime-feiring. Dei fleste vaksne eg har snakka med er svært fornøgde med dette. Du AAAANAR ikkje kor fornøgd EG er! Det er min drømme-17.mai. Eg har til dømes berre pynta meg frå livet og opp, finskjorte og joggebukse.

Det er liksom ikkje sånt ein skal seie til vanleg, at ein ikkje likar dagen. Det er jo mest stress og gørr. Men akkurat på dette området ville eg vore ei dårleg mor om eg ikkje tok med ungane ut.

Alt er forandra!

Så tenkte eg på 17.mai i fjor, og begynte å sjå på bilete. Det var heilt nydeleg.

Likevel gav det meg blanda kjensler å sjå på bileta, for livet er så sjukt forandra. Det er så lite som er likt at det er heilt utruleg.

Veret

I fjor var det flott ver, og vi måtte gå med bar overkropp utpå dagen. Eg er glad ingen tok bilete av meg!

Veldig varmt på 17.mai.
Skjønar?

I år ligg det snø på plenen. Det gidd eg faktisk ikkje seie noko om, for det er så grundig dokumentert av alle andre.

Utsjånad

I fjor var ungane mine reine og fine, og begge hadde pynta seg i festdrakter frå Spar Kjøp. Begge hadde lenger hår.

Stivpynta ungar før i tida.

I år klarte eg å lokke Jone til å pynte seg, medan Tuva ikkje skjønte vitsen når ho ikkje skulle gå i tog, så ho har gått med nattklede heile dagen. Det går bra.

Stivpynta unge no til dags.

Aktivitet

I fjor sprang dei rundt og leika og lo.

Han var så flink å gøyme seg!

I år har Jone aka seg på rompa frå sofaen til kjøkkenet, og Tuva har tatt igjen tapt skjermtid frå ein eller anna dag.

Veldig urutinert bloggar som glømte å ta bilete av rompeak.

Kosthald

I fjor var dei heilt vanleg 17.mai-kost, det vil seie pølser og is heile dagen.

Veldig glad unge med berre bittelitt is igjen i handa. Foto: Gyrid Øygard

I år har Jone ete ein gul seigmann til frokost, ei halv pølse og litt eggerøre. Alt dette spydde han opp, før han ba meg hente is. Så åt han ca. tre bitar av isen.

Elles er det den ekle sondematen. Isofuck junior mix. Vi er så lei av den! Det er jo sikkert spyet hans som luktar sondemat, men eg føler at sondematen luktar spy. Ææææ. Ser heilt likt ut og, både før og etter det har vore i magesekken. Beklager avsporinga.

Spy eller sondemat?

Pynt

Vi har pynta stativet, då. Påskepynten er framleis oppe. Den symboliserer musikkterapeuten, for Jone laga den med ho under siste kur.

Veldig fint pynta mat-stativ.

Julepynten har vi tatt ned, sjølv om den vart laga til oss av nydelege sjukepleiarar rett før jul. Vi kunne ikkje gå på juleverkstad på avdelinga, så dei gikk og laga pynt til oss. Trur eg må henge den opp igjen, eg vart så bevega av å tenke på det. Det er så fine folk! Beklager avsporing nr. 2.

Konklusjon

17.mai var betre før i tida. Då var 100% av ungane mine friske, og begge kunne både gå og ete. Det einaste som var betre i år, var at vi fekk vere heime.

Gratulerer med dagen, då.